Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk Vedsentral spår vedmangel

TIL HAUSTEN: Høge straumprisar gjer at folk allereie er i gang med å planleggje innkjøpet av ved for neste sesong. No spår ein leverandør vedmangel i haust. – Vi merkar no at folk er urolege, mange har teke kontakt i mai/juni/juli om kjøp av ved. Det har vi aldri hatt noko særleg av før. Derfor har vi no også opna for bestillingar for hausten. Vanlegvis har vi starta dette i august. Det kjem bestillingar kvar dag no, fortel Øystein Skjesol, dagleg leiar i Norsk Vedsentral til Nationen. Norsk Vedsentral leverer ved til privatpersonar. Skeisol spår at importmarknaden vil kollapse til hausten, og trur ikkje at auka norsk produksjon vil dekkje etterspurnaden.©NPK