Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Har eg blitt listhaugianar?

Spørsmålet er interessant, og eitt eg tydelegvis må stilla meg sjølv etter å ha lese Trym Daniel Rødvik sitt svar i Klassekampen 8. juli på min kommentar 4. juli om moralisering av debatten. Rødvik påstår at eg har stole Listhaugs retorikk når eg meiner at moralisering er eit problem i til dømes innvandringsdebatten. At eg peiker på at same problem eksisterer i debatten om brexit, klima og surrogati, verkar å ha gått Rødvik hus forbi.