Ikkje berre armod og eventyrlyst førte folk til Amerika, men også draumen om eit rausare samfunn.
Kuringen, Åfjord
Av: Lene Nilssen Viken og Helena Wik.
Regi: Lene Nilssen Viken.
Komponist: Gunhild Hjertaas.
Scenografi: Runa Dahler Sandø.
Kapellmeister: Knut Erik Jensen.
Med: Emilie Mordal, Bjørn Tore Grøntvedt, Lavrans Haga, Barbro Amrud Nilsen, Andreas Tronga m. fl.
I hundreåret fram til 1920 utvandra rundt 800.000 nordmenn til Nord-Amerika, og i den tidlegare Fosen-kommunen Bjørnør reiste halve befolkninga. Med bakgrunn i ei bygdebok og verkelege hendingar sette regissøren Helena Wik seg føre å lage ein ambulerande trilogi om dette.