Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Oljekrisa pregar framleis verfta

NÆRINGSLIV: Etter at oljeprisen fall kraftig i 2014, vart det full stans i bestillinga av nye skip hos norske verft. Åtte år seinare er det framleis stille i bransjen. Ein gjennomgang Teknisk Ukeblad har gjort, viser at få norskregistrerte skip blir levert av norske verft. Etter oljekrisa gjekk delen skip bygde ved norske verft ned. Totalt er 695 skip registrerte i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS). Hittil i år er ingen av dei nye skipa som har vorte NIS-registrerte, bygde ved norske verft. Årsaka til utviklinga er at før krisa bygde norske verft meir og meir avanserte skip. I dag blir desse bygde i hovudsak i Kina, Korea, Vietnam og andre lågkostland. ©NPK