KREV GREP: Lars Haltbrekken og SV vil at regjeringa skal gjere meir for å hindre ei straumkrise i vinter. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Foto: Tom Henning Bratlie
Førre veke kom det fram at regjeringa gjer førebuingar for ei mogleg rasjonering av straum den komande vinteren. Dei trur ikkje det blir naudsynt, men tek uvanlege forholdsreglar i møte med den krevjande kraftsituasjonen.