Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Fleire land godtek utgåtte pass

TURISME: Norske turistar med utgått pass slepp inn i Tyskland, Island, Estland og Portugal i år, opplyser regjeringa. Både Noreg og Portugal er med i Schengen-samarbeidet, som består av 26 europeiske land. Mellom desse landa er det vanlegvis ikkje passkontroll. Men ein må kunne leggje fram gyldig legitimasjon. Den mellombelse ordninga, som varer fram til årsskiftet, inneber at personar over 16 år kan legitimere seg med pass som gjekk ut mindre enn tre år før innreise til Tyskland, Island, Estland og Portugal. Barn under 16 år kan legitimere seg med pass som gjekk ut mindre enn eitt år før innreise.©NPK