Verka vert til utbytbare illustrasjonar i Kodes skeive utstilling.
Kuratert av Mathias Skaset og Bjørn Hatterud
Kode 4, Bergen
Står til 31. desember 2022.
For å markere dei femti åra som er gått sidan avkriminaliseringa av sex mellom menn i Noreg, har Kode i 2022 sett saman ei samlingsutstilling med ei skeiv tilnærming til kunsthistoria. Kva spor av normbrot, leik med kjønnsroller og kjønnsidentitet og likekjønna kjærleik er nedfelt i kunstverk frå lenge før og lenge etter homofili var definert som noko kriminelt?