Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Stille rundt Stad

STAD: Den vêrharde halvøya Stadt utgjer den nordvestlege delen av Vestland fylke. Her Klassekampens Frida Fliflet på «Svanhilds» baugspyd. FOTO: JORUNN REISÆTER

Fredagen i Volda var ein vestlandsdag av dei sjeldne – ein slik der fjorden ligg blågrøn og heilt, heilt stille, ein slik der det er så fint at ein nesten får klump i halsen. Laurdagen, då me skulle runda Stad for å komma oss til Måløy, var det derimot knytt hakket større spenning til. Her på det ytste ytste opnar Atlanterhavet seg. Stadhavet er kjent som ein temmeleg vêrhard plass, sjølv for vestlandskysten å vera.