Framsyninga om den styrtrike Lady Arbuthnott og hennar liv i Sunndalen har alt eit godt musikkteater skal ha.
Jazzåteatret Produksjon AS, Sunndal kulturhus.
Libretto: Stig Nilsson.
Komponist: Lars Ramsøy-Halle.
Regi: Pål Øverland.
Med: Yngvild Støen Grotmol, Jon Lockert Rohde, Karianna Sommerro, Erik Wenberg Jacobsen mfl.
I år er det 25-årsjubileum for Jazzåteatrets årvisse oppsetjing av «Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy». Eg melde framsyninga i 2002 og skreiv at produksjonen kunne forsvare ein plass på kva institusjonsteater som helst. Den påstanden står seg godt, for dette er musikkteater på høgt nivå.