Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Dronninga av Sunndal

FALLITT: Brevet som Lars (Jon Lockert Rohde) og Karen (Karianna Sommerro) les for Lady Arbuthnott (Yngvild Støen Grotmol), gir ikkje rom for tvil. Banken hennar er konkurs, og eit aristokratisk liv er nådelaust over. FOTO: NATHAN W. LEDIARD

Framsyninga om den styrtrike Lady Arbuthnott og hennar liv i Sunndalen har alt eit godt musikkteater skal ha.

Jazzåteatret Produksjon AS, Sunndal kulturhus.

Libretto: Stig Nilsson.

Komponist: Lars Ramsøy-Halle.

Regi: Pål Øverland.

Med: Yngvild Støen Grotmol, Jon Lockert Rohde, Karianna Sommerro, Erik Wenberg Jacobsen mfl.

I år er det 25-årsjubileum for Jazzåteatrets årvisse oppsetjing av «Lady Arbuthnott – frua på Elverhøy». Eg melde framsyninga i 2002 og skreiv at produksjonen kunne forsvare ein plass på kva institusjonsteater som helst. Den påstanden står seg godt, for dette er musikkteater på høgt nivå.