Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Feminist javisst

Ekstrem privatisering

Fridomen til å leige kvinners kroppar baserer seg på økonomisk asymmetri.

MENNESKEHANDEL? Me lev i eit samfunn som forbyd kjøp av seksuelle tenester. Korfor skal me da leggje opp til leige av ein kvinnekropp? spør Stephen Walton. Her nyfødde på surrogatiklinikken Biotexcom i Kyiv i Ukraina. FOTO: SERGEI SUPINSKY, AFP/NTB SERGEI SUPINSKY

Nettsidene til NRK køyrde ei journalistisk vellykka sak i førre veke. Oppslaget handlar om ein fyr som blir presentert som «heterofile Ørjan» – altså ingen grunn til å uroe seg i pridemånaden – som har betalt 1,4 millionar for eit surrogatbarn frå USA. Dette er nok berre småpengar i høve til det oppslaget må ha kosta NRK, med reiser til journalist og fotojournalist, kostgodtgjersle etter statens satsar og tett oppfølging gjennom fleire månader.

Feministane Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Anne Bitsch og Stephen Walton skriv i Klassekampen måndagar.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?