Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Marginale?

LO-kongressen er over. Eg er som mange andre skuffa over vedtaka om energi og straumprisar. Ap greidde å unngå eit vedtak om å ta meir politisk kontroll på energiområdet. Krigen og den politiske situasjonen var brukt som argument. Men straumprisen var jo høg lenge før krigen. Hovudproblemet er at vi er knytte til den europeiske straummarknaden og at dette styrer prisane i Norge. Det ønsker ikkje regjeringa å gjere noko med. Dei set ned eit utval, eit «triks» i vanskelege saker. Det er heldigvis òg sett ned eit alternativt utval med tidlegare LO-sjef Gerd Liv Valla som leiar.