Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er me i siste kapittel av den globale bondekulturen?

Å vere bonde

Det er om lag 40 år sidan no at eg forlét studiar, forsking og undervisning og byrja som bonde i heimbygda. Det vart eit liv av anna slag. Arbeidet handla om fjøsstell og mjølking, fôringsbehov og dyresjukdommar, dyrking av grasslag med ulike vekstvilkår, vedlikehald og reparasjonar av maskinar og bygningar, om gjennomtenkt pengebruk, om jorddyrking og naturforvaltning, logistikk og organisering av arbeidsdag, arbeidsår og arbeidsliv. Som bonde måtte ein vere mangsyslar framfor spesialist.