HOL: Trygve Slagsvold Vedum vil stramme inn skattereglane for å få bukt med privat bruk av eigedom og privatfly eigd gjennom selskap.
– Når folk skjønner kva det handlar om, så trur eg 95 prosent vil synest at dette er riktig. Og så er det 5 prosent, kanskje, som ikkje kjem til å snakke så høgt om det, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).