Du kan bla til neste sideBla med piltastene

LO finansierer kinofilm

Dei heldige delegatane på årets LO-kongress fekk ein hemmeleg sniktitt på den kommande filmen «Sulis». Den blir regissert av tidlegare oscarnominerte Nils Gaup («Veiviseren»). Filmen handlar om gruvearbeidarane i Sulitjelma som trassa gruveselskapet og danna fagforeining. Det er no ti år sidan LO løyva ein halv million kroner til filmen, som skal komme på kino i 2023. Finansieringa er endå ikkje heilt i boks, så produsenten ber fagforeiningane om hjelp ved å førehandsbestille billettar. KS