Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NOTERT

VM glapp for Narvik

FOTO: ARRANGØR NARVIK 2020/NTB

Narvik kom til kort i kampen om å få arrangere alpin-VM i 2027. Meisterskapen skal haldast i sveitsiske Crans Montana. Det vart klart under ei avstemming i regi av Det internasjonale skiforbundet (FIS) onsdag. Narvik var i tillegg til Soldeu i Andorra inne med den første VM-søknaden sin. Også tyske Garmisch-Partenkirchen var med som kandidat. Tidlegare er det berre Åre i 2007 som er tildelt alpin-VM med sin første søknad. Crans Montana var av mange på førehand sett på som den store favoritten til å få meisterskapen.©NPK

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production