Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Melby vil ha tettare bånd til EU

FORSVAR: Venstre-leiar Guri Melby meiner Noreg risikerer å ende som veslebroren i nordisk forsvarspolitikk når EU-landa Sverige og Finland går inn i Nato. – Når alle nabolanda våre mest sannsynleg kjem til å vere både EU-medlemmer og Nato-medlemmer, så endar vi opp med å vere det einaste landet som berre har Nato-beinet å stå på. Det gjer oss ekstra sårbare, seier Melby. Medan EU-landa Sverige og Finland begge nyleg har søkt om medlemskap i Nato, vurderer Danmark – som er med i både EU og Nato – å avskaffe det såkalla forsvarsatterhaldet. 1. juni skal danskane stemme over om landet skal slutte seg til EUs tryggleiks- og forsvarspolitikk.©NPK