Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kven tek ansvar?

I VG 8. mai fortel soldat Julie Sandanger (25) at ho vart snikfotografert i dusjen av sin overordna sersjant. Etterforskinga viste at sersjanten hadde 38 (!) videoar av henne, naken i dusjen. Reportasjen viser at det ikkje var enkelt for Sandanger å melde frå og sørge for fortgang i saka. Til sist måtte ho skaffe seg advokat på eiga hand, fordi Forsvaret ikkje ville dekke kostnader til bistandsadvokat. Sersjanten er dømd til 90 dagar betinga fengsel og 25.000 kroner i oppreising. Men han jobbar framleis i Forsvaret og han er framleis sersjant.