FEKK NEI: Henriette Westhrin i Norsk Folkehjelp trudde at Ap ville stø et forskingsprosjekt om atomvåpenforbod når dei kom i posisjon. Det gjer partiet ikkje. Sigve Bremer Mejdal
AVVIST: I fjor kritiserte Ap Solberg-regjeringa for å ikkje støtte eit forskingsprosjekt om nedrusting. No seier Ap i regjering nei til den same forskinga.
Dagsavisen meldte i går at Norsk Folkehjelp fekk avslag på søknaden sin om tilskot til forskingsprosjektet Nuclear weapons ban monitor. Avslaget til Utanriksdepartementet blir grunngitt med at prosjektet bruker FNs atomvåpenforbod som målestokk.