Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trass det juridiske åtaket på lovgivinga er eit fleirtal i USA for abort.

Vaksinering no!

TEK TIL MOTMÆLE: Høgresida i USA kan på sikt tape på at dei angrip seksuelle og reproduktive rettar så sterkt, skriv Stephen J. Walton. Ein motdemonstrant viser fingeren til ein abortmotstandar utanfor høgsterett i Washington 8. mai. © FOTO: AMANDA ANDRADE-RHOADES, AP/NTB

Det er ikkje kvar veke din spaltist får draghjelp av høgsteretten i USA til å skrive her, men denne gongen er det slik. Her om dagen var eg på Puerto Rico, som er éin av USAs formelle koloniar. Nyhendet lak ut av høgsteretten om at fleirtalet ville oppheve gjeldande føderal abortlov nedfelt i domen i saka Roe mot Wade frå 1973. Nyhendet slo ned som ei bombe, ikkje berre på Puerto Rico og i USA, men i heile verda. Det kjendest som eit historisk viktig vendepunkt, og det er det. USA har eit fåtal formelle koloniar med eit stort arkipelag av store og små klientstatar som er koloniserte av us-amerikanske medium, og dermed av us-amerikansk retorikk og ulike us-amerikanske verdsbilde. Me kopierer ikkje naudsynleg alt som kjem frå USA, men me blir nøydde til å forhalde oss til det, og ofte til å mobilisere mot det fordi me har godt med galningar her, me òg.

Feministane Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland og Stephen Walton skriv i Klassekampen måndagar.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production