Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Svartstille om laks

I éin dag eller to i mars var massemedia opptatt av Veterinærrapporten som fortalde at 54 millionar oppdrettslaks, fleire enn nokon gong, kreperte i sjøen i 2021 fordi helsa og velferden til fisken ikkje er god. Sidan vart det stille, bortsett frå ei kort melding på TV nyleg om at fleire laks kreperer etter avlusing fordi helsa til oppdrettslaksen har blitt dårlegare. Derimot rapporterer media stadig om nye rekordar i eksport, høge prisar på laks og ditto inntekter for laksekongane.