Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Påslått parabolantenne

CHRISTIAN AAS

Kvar månad kårar Diktkammeret månadens poet. Christian Aas har skrive diktet ‘Dette er det ingen andre som vet’. Les diktet på side 8.

– Gratulerer med utmerkinga som månadens poet! Når og kor skreiv du dette diktet?

– Denne teksten har følgt meg heile mitt vaksne liv, men fekk skriftleg uttrykk i 2008. Ein del av dikta mine hamnar i psykisk helse-bunken, for eg er eit menneske med alltid påslått «parabolantenne» – eit sanseapparat som kan bli overoppheta av inntrykk. Det gjer meg til eit uroleg menneske med hang til tungsinn og periodar med angst. Dei som kjenner kommentarverksemda mi på Diktkammeret, vil kanskje tenke at eg er eit overskotsmenneske. Og, ja, det er eg òg, men dei mørke sjatteringane i regnbogen påverkar meg. Skriving er god terapi, difor eit dikt som dette.

– Det er eit mystisk indre skoglandskap i diktet. Men det veks ut frå eit ytre bylandskap. Er det ein samanheng her?

– Om eg skulle snevra diktet inn til å handle om angst og nervetrykk, så er det ein klar samanheng. Men angsten kan kome kor som helst, slik diktet peikar på: i byen, på toalettet, på kjøkkenet, i skogen. Når angsten kjem, kan det vere overveldande, uuthaldeleg. Kanskje vil ein berre flykte frå det «våte», kome seg heim og bli blåst tørr og varm. Diktet slutta eigentleg slik, men eg reviderte det for å opne det. La teksten og jeget bli og stå i det. Kva nå? Kva så?

– Det flyg brått fram ein ‘hudujudu’ her, «i pulstunge byks». Kva er det for skapning?

– Hudujuduen er ein skapning som flyg inn i angstens skog og legg eit egg framfor meg. Hudujudu er ei forvansking av How do you do? Altså eit vesen som opnar for dialog og mogleg nytt liv. Eit du som vil meg noko. Alt er ikkje berre svart og meiningslaust. Fuglen og egget vil så gjerne appellere til den angstfylte: Bli ståande (eventuelt liggande)! Bli verande! Angsten vil gå over, kjensla av full slagside vil snart bli dempa. Sjå så kva du kan lære av det.

– Du er ein aktiv travar på Diktkammeret. Kva betyr denne plattforma for deg?

– Då svarar eg med nokre verselinjer frå tidlegare år:

Livet på Dk? Som livet der ute

Du bygger et hus. Du knuser ei rute.

Du snubler i tråder. Broderer ei pute.

Du arver en sjark og drømmer om skute.

Hatt hyre her nå i drøyt femten år.

Vært ute i uvær og fått noen sår.

Men også på rygg i en verseglad vår.

Som lykkens Pamfilius, crazy in love.

Vært nede for telling og oppe for show.

– Kva les du helst sjølv?

– Eg blei flaska opp på pappa Per si dikting og dei tre store forbilda hans: André Bjerke, Herman Wildenvey og Rolf Jacobsen. I vaksen alder les eg mest prosa og er glad i Göran Tunströms forfattarskap. Av poetar er det Kolbein Falkeid, Helge Torvund, Åse Marie Nesse, Walt Whitman og Robert Bly som oftast kjem ut frå bokhylla. Dessutan les eg mange gode Diktkammer-diktarar. EM

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production