Abort og vald
Seksuell vald er bakteppet for ein høgaktuell abortfilm frå USA.

(USA, 2020)
Regi og manus: Eliza Hittman.
Med: Sidney Flanigan, Talia Ryder, Théodore Pellerin, Ryan Eggold, Sharon Van Etten.
Sjanger: Drama.
Lengde: 1 t. 37 min.
Vist på: Viaplay, Youtube, Google Play, Itunes.
Striden for sjølvbestemt abort i USA vart ført som ein boksekamp i rettssalen, og sigeren avgjort på teknisk knockout. Dommen som formelt tryggjer abortrettane i dag, Roe v. Wade, har difor vorte utfordra ei rad gongar sidan 1973. Som mange vil ha fått med seg, har eit lekka utkast frå USAs høgsterett sannsynleggjort at den gamle avgjerda vil bli kjent ugyldig alt i juni, noko som vil opna for at eit 20-tals amerikanske statar kan vedta alt ferdigskrivne lover som kriminaliserer abort.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent