Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trur ikkje verda når klimamålet

KLIMA: 196 av 221 norske klimaforskarar NRK har spurt, trur ikkje verda vil greie å nå målet om å avgrense oppvarminga av kloden til 1,5 grader. 1,5-gradersmålet var sett som eit mål for å unngå dei verste konsekvensane av klimaendringane i Parisavtalen frå 2015. Dette målet vart sett fordi ein større auke i temperaturen vil føre til større endringar i klima og vêr enn det samfunnet er tilpassa, forklarer klimaforskar Bjørn Samset i Cicero Senter for klimaforsking. – Det skal veldig mykje til for å nå 1,5-gradersmålet. Hadde vi klart å kutte utsleppa for 15–20 år sidan, hadde vi nådd det lett, seier Samset. ©NPK