Når det rasjonelle blir altomfemnande, er det stundom godt å stoppe opp ved det kontrære.
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Herman Melville.
Omsetjing, dramatisering og regi: Espen Klouman Høiner.
Scenografi, lys og kostyme: Signe Becker.
Komponist, lyddesign: Camilla Vatne Barratt-Due.
Med: Mira Dyrnes Askelund, Jon Lockert Rohde og Isak Holmen Sørensen.
Den amerikanske forfattaren Herman Melville (1819-1891) er mest kjend for den ikoniske og omfangsrike romanen «Moby Dick». Men blant entusiastar er han også kjend for den vesle novella «Bartleby» frå 1853. Det er ei gåtefull forteljing som i alle år har forundra og fascinert lesarane.