Skomakaranes streik
1. mai 1890 gjekk skomakarsveinar i Stavanger til kamp – og fekk til og med støtte frå borgarpressa.

1. mai 1890 gjekk eit tog av arbeidsfolk gjennom gatene i Stavanger, byen som tidlegare var omtalt som «Kiellands by», og no var i ferd med å bli «Bjellands by», meir og meir prega av industri og arbeidarrørsle. Men dette var ikkje ein demonstrasjon for åttetimarsdagen, slik den internasjonale arbeidarkonferansen i Paris året før hadde oppmoda til. Nei, det var streikande skomakarar som gjekk i prosesjon frå den eine skomakarverkstaden til den neste, og på vegen var dei innom avisredaksjonane i byen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent