Du kan bla til neste sideBla med piltastene
IdeerIdear

Berga brør eller forviste fiendar?

Vitnemål om «tvangsevakuering» av sivile frå Aust-Ukraina til Russland vekkjer historiske minne om deportasjonar.

Sivile frå Mariupol-området på togstasjonen i russiske Nizjnij Novgorod, der dei skal mellombels busetjast. Om lag 500 flyktningar få Aust-Ukraina kom med spesialtog hit den 7. april. FOTO: AP/NTB

Den russiske «spesialoperasjonen» i Ukraina har vorte legitimert som ein «bergingsaksjon», og difor har invasjonshæren evakuert eit uvisst tal sivile ukrainarar til Russland. Mange har reist friviljug, men flyktningar frå Aust-Ukraina har også, blant anna til BBC, fortalt om «tvangsevakuering» til Russland. At dette skjer, har også den ukrainske forfattaren Andrej Kurkov hevda fleire gongar. «Det russiske militæret tek frå dei ukrainske pass (…), set dei på bussar og køyrer dei til Russland. Dei får eit papir som seier at dei pliktar å halde seg i Russland i to år. Og etter det vert dei sende til Sibir og det fjerne Austen, der folkesetnaden har minska i årevis», skreiv han i Dag og Tid 25. mars.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?