Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Norsk nyskapar

Ulrik Imtiaz Rolfsen, her fra han fikk Klassekampens Neshornpris i 2014. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Tom Henning Bratlie/Klassekampen

Onsdag 4. mai fyller filmskapar og forfattar Ulrik Imtiaz Rolfsen 50 år. Han slo gjennom med eit brak, då han spelefilmdebuterte i 2005 med «Izzat», som han også skreiv manus til saman med Leon Bashir. Den velregisserte, sjangerblandande oppveksthistoria var ei vellukka tolking av sosialt medviten valdsaction på norsk og staka ut ei tydeleg retning for filmografien. Rolfsen markerte seg tidleg som ein skarp samfunnsdebattant i spørsmål om både norsk filmpolitikk, innvandring og rasisme. «Izzat» la handlinga til den framveksande gjengkriminaliteten på 1980- og -90-talet, og filmen braut med ei utbreidd didaktisk, ofte utanforståande, framstilling av norsk-pakistanarar. Regissøren, som sjølv har norsk mor og pakistansk far, kombinerte i staden godt turnerte sjangerklisjear med personleg kjennskap til Oslos minoritetsmiljø for skapa truverdige karakterar, som eit breitt publikum kunne kjenna att. Filmen vart også ein skodespelarskole som løfta fram nye talent frå minoritetsmiljø.