Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sett opp kvoteprisen!

GJE GASS: Norge og andre gassprodusentar bør påverke EU til å innføre ein minste kvotepris på karbondioksid, skriv forfattarane. Her frå Ekofisk. FOTO: MARIE VON KROGH Marie von Krogh

Klimamålet og den grøne omstillinga i Europa krev at fossil energi blir fasa ut over nokre år. Sidan karbondioksid-utsleppa er høgare ved bruk av kol enn olje og gass hastar det mest med å slutte å bruke kol til kraftproduksjon og oppvarming. Gass er den mest klimavennlege fossile energikjelda vi har. Gass bør difor spele ei viktig rolle i overgangen frå fossil energi til grøne energikjelder som sol og vind.