Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Trengsel på golvet

EIT SALIG KAOS: Det krev ei ikkje ubetydeleg mengde arbeid å kople einskildverk til riktig kunstnar i avgangsutstillinga på Kunstnernes Hus i Oslo. FOTO: ISTAN VIRAG, KUNSTDOK

Dei einskilde arbeida betalar ein høg pris for synergieffekten i årets avgangsutstilling.

Kunstnernes Hus, Oslo

Med verk av: Benedicte Beldam, Patricia Carolina, Tansiyu Chen, Henrik Follesø Egeland, Chloe Elgie, Makda Embaie, Cirenia Escobedo Esquivel, Mattias Hellberg, Kaja Krakowian, Eli Mai Huang Nesse, Jonatan Nilsson, Hanne Nilsen Nygård, Lesia Vasylchenko, Hamid Waheed og Annalise Wimmer.

Står til 1. mai.

Endeleg vår og endeleg avgangsutstilling med Kunstakademiets masterstudentar. Etter at koronapandemien dei siste åra har tvinga fram alternative visingsmodellar, er «Folk tror foxtrot» noko slikt som ei tilbakevending til tradisjonell form for Oslo-studentane. Tradisjonsrikt er òg det salige kaoset som oppstår av å presentere eit titals vidt ulike kunstnarskap side om side, men ifølgje presentasjonsteksten er dette i år eit medvite kuratorisk grep: her vert det gjort eit poeng utav at arbeida i «Folk tror foxtrot» glir inn i kvarandre, rører ved kvarandre, påverkar kvarandre.