Diktsamlinga «Hjerteskog / Syđänmettä» har undertittelen «Kvenske dikt». Likevel er dei skrivne på norsk, berre eit og anna kvensk ord, rundt tjue til saman, dukkar opp. Truleg er det eit presist uttrykk for kva det er å vere kvensk i dag; det meste av livet skjer på premissar lagt av norsk språk og norsk samtidskultur – og slik må det vere, om diktaren vil kommunisere med andre enn dei mellom to og ti tusen som ifølgje Norske kveners forbund brukar kvensk i Noreg. Det er så få at språket står i fare for å forsvinne, og kanskje har det alt no begynt å bli utydeleg kva kvensk kultur er? Slik kan ein i alle fall tolke dette diktet:
Grenseland: Dikt på norsk og kvensk gir ei kjensle av harmonisk kvalitet.