MILJØ: Etter eit krav frå Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), blir det ei høyring i energi- og miljøkomiteen på Stortinget om oljepolitikken. Høyringa skjer etter at Noregs institusjon for menneskerettar (NIM) slo fast at det er i strid med Grunnlova å godkjenne nye oljefelt. NIM er Stortingets kontrollorgan som skal sjå til at Noreg følgjer menneskerettane. – Stortinget kan ikkje sitje stille når vårt eige kontrollorgan på menneskerettar seier at norsk oljepolitikk bryt med Grunnlova, seier stortingsrepresentant for MDG, Lan Marie Berg, i ein e-post. Høyringa blir skriftleg, og NIM blir invitert til å gjere greie for komiteen, opplyser MDG.©NPK