Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rekordtørre dagar i Oslo

KLIMA: Det var rekordlite nedbør i Oslo mellom 25. februar til 21. april. På 56 dagar fall det til saman 13,2 millimeter nedbør, melder meteorologane. – April 1974 er den einaste månaden vi har registrert null nedbør same stad. Det var faktisk 43 tørre dagar på rad frå 23. mars til 4. mai, skriv meteorologane på Twitter. Målingane er gjorde på Meteorologisk institutt på Blindern i Oslo. Den tørre perioden har ført til at Oslo kommune har bede innbyggjarane om å spare på vatnet. Viss ein ikkje klarer å bruke mindre vatn og det ikkje kjem meir nedbør, varslar kommunen at dei vil setje i verk vasstiltak.©NPK