HINDER: Mindre rettsstadar bør få eit sterkare vern gjennom domstollova for å hindra sentralisering internt i store rettskretsar. Det foreslår jusprofessorar i Bergen.
Meiningane om ei reversering av domstolsreforma er svært delte. Domstoladministrasjonen (DA) er blant dei som går hardt ut mot forslaget om å gjenoppretta tidlegare domstolar. Også Høgsterett, Økokrim, Dommarforeininga og Barneombodet er svært kritiske.