NEDTUR: Senterpartiet er tilbake der dei var før oppturen starta. Med denne målinga ville Sp ha mista 17 av 28 mandat, medan dei borgarlege ville hatt fleirtal.
Senterpartiet gjer den dårlegaste meiningsmålinga på mange år og får ein oppslutnad på berre 6,1 prosent på den ferske meiningsmålinga i Klassekampen. Det er litt meir enn dei fekk i det dårlege stortingsvalet i 2013, men milevis unna nivået partiet har blitt vande med dei siste åra.