Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Hår i fjeset kamuflerer det typisk menneskelege minespelet.

Skjegg og plen

Opp gjennom åra har eg lese ganske mange bøker om evolusjonsbiologi. Dei følgjer alle saman den velkjende ruta frå sjimpansane i den afrikanske jungelen via oppreist gange og reiskapsbruk fram til det moderne mennesket. Tapet av apepelsen blir forklart med at naken hud var meir praktisk ute på savanna, og det særeigne håret på hovudet, under armane og i skrittet skal ha blitt utvikla som vern mot sola og til forsterking av pirrande lukt. Men enno har eg ikkje fått noka brukbar grunngjeving for kva skjegget skal vera godt for.

Ikkje søtt, ikkje surt, ikkje bittert – men salt. Solveig Aareskjold skriv om det ho sjølv vil i Klassekampen kvar laurdag.