Putin-regimets åtakskrig i Ukraina har vekt sterke reaksjonar i Vest-Europa, inkludert Norge. Fordømminga av aggresjonen er velgrunna og unison. Stort sett inneber reaksjonane empati og god moral. Men det finst unntak. Somme syner tydeleg skadefryd ved å peike ut «dei som heile tida tok feil». Refsar-prosaen i den mørkaste delen av sosiale media inkluderer skjellsord som Putin-apologet, Putin-venn, USA-hatar, femtekolonist (altså landssvikar). Det overraskar at representantar for norsk presse på kommentator- og redaktørnivå har lagt seg tett opp til denne uttrykksmåten. Blant dei utskjelte er Tormod Heier. Han er ein kompetent militæranalytikar som alltid formidlar viktige poeng. Ein treng ikkje å vere einig med han for å innsjå at måten han stiller problem på, er gunstig for vidare diskusjon og avklaring. Julie Wilhelmsen leverer gode og nyanserte politiske analysar. Nettopp derfor blir også ho utskjelt.
Propaganda og einsretting, det er noko Putin-regimet driv med. Når det gjeld NATO, gjeng visst alt heilt av seg sjølv.