FISKE: Fredinga til kongekrabben i april blir oppheva for turistar, opplyser regjeringa. – Etter nokre utfordrande år med svært låg turistaktivitet på grunn av covid-19-pandemien er det viktig å leggje til rette for aktivitet i nord. Næringslivet og turistfiskebedriftene har kapasitet og behov for å drive med verksemda si i april, og det ønskjer regjeringa å bidra til, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) i ei pressemelding. Nærings- og fiskeridepartementet har bestemt at turistfiskebedrifter får dispensasjon frå fredinga som gjeld i april. April-fangsten er avgrensa til totalt 600 kilo. Den totale kvoten for turistfangst i år er 13 tonn.©NPK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene