Eirik Sæthers harselering med den gode smak er ikkje heilt fri for inderlegheit.
Elephant Kunsthall, Lillehammer
Står til 17. april
Tjukke lag med ironi kransar inn Eirik Sæthers soloutstilling på Elephant Kunsthall. Den vert introdusert via ein pressemelding der kritikaren David Everitt Howes nokså drepande omtale av kunstnaren frå 2015 vert remiksa og tilpassa Sæthers nye arbeid. Gesten er ei latterleggjering av kritikaren (eller, hjelp, kritikarrolla), samstundes som han vidarefører Sæthers mangeårige undergraving av autentisitetsomgrepet og leik med ulike roller.