Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ap-pod

  • Bør alle ha ein podkast? Ein offentleg krangel mellom Arbeidarpartiet og komikar Harald Eia tyder på nei. Høgre har ein prate-podkast som heiter «Stortingsresturanten», med profilane Tina Bru, Henrik Asheim og Peter Frølich. Den er blitt såpass populær at den kan ha inspirert Ap til å lage sin eigen podkast. Denne stortingsperioden har Ap sitt konsept fått namnet «Partipressa», med Ap-profilane Åsmund Aukrust, Mani Hussaini og Cecilie Myrseth som programleiarar. Problemet med podkasten er at den demonstrerer at rommet for å snakke fritt om laust og fast i politikken openbert er mindre i Ap enn i Høgre. Det kan det vere gode grunnar til, men spørsmålet er om det då er vits å ha ein prate-podkast der målet er å vere litt uformell og laus i snippen.