Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ikkje rom for kritikk?

Islamistar avviser religionskritikk av islam. Det liberale venstre avstår frå islamkritikk for ikkje å krenke og for ikkje å framstå som framandfiendtleg. Dermed er det ikkje rom for religionskritikk av islam i det offentlege rom – religionskritikk av det slaget som trengst i moderne kompliserte samfunn, til beste for islam, rett forstått. Dette er, i kortversjon, kjernepoenget i eit viktig innlegg av Mina Bai på tredjesida i Klassekampen 17. mars under overskrifta «Krenking og kritikk. Islamkritikere får munnkurv – både fra islamister og vestlige sekulære».