Kritikk fra uka som gikk
Kritikk
Teleevangelisme har endra Nord- og Sør-Amerika. Dette Oscar-nominerte portrettet omgår det.
Regi: Michael Showalter.
Manus: Abe Sylvia, Fenton Bailey, Randy Barbato.
Med: Jessica Chastain, Andrew Garfield.
Sjanger: Biografisk drama.
Lengde: 2 t. 6 min.
Vist på: Disney pluss frå 23. mars.
Neste helg er det Oscar, og Jessica Chastain er blant dei nominerte for tittelrolla i «The Eyes of Tammy Faye». Skodespelaren klarer absolutt å gjera ei maniert 1980-tals, kristen TV-stjerne til ein karismatisk filmkarakter i 2022, men Tammy Faye er også den typen bokstavleg tala overflatisk, biografisk «kost og mask-rolle» som dreg til seg Oscar-prisar som flugepapir.