Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Putins velsigna våpen

KRIGERSK KYRKJE: Det er vanleg at den russiskortodokse kyrkja velsignar soldatar og våpengreiner, skriv forfattaren. Her velsignar ein prest eit jagarfly på Krim i 2014.FOTO: Yuri Lashov, AFP/NTB YURI LASHOV

I ei oppsiktsvekkjande preike søndag 7. mars forsvarte patriark Kirill den russiske invasjonen i Ukraina. Overhovudet for Den russiskortodokse kyrkja brukte til og med Pride-paradar i vestlege land som argument for å «stogga synd og hat» retta mot russarane i Donbass. Kirill hevda at russarane i utbrytarrepublikkane er utsette for «undertrykking og utrydding» – på grunn av sin «lojalitet til kyrkja vår».