Tysdag 15. mars skriv Brit Lien, Elverum, om jåleriet ved å bruke engelske ord i ein elles norskpråkleg tekst. Ho viser til eit intervju i Klassekampen laurdag 12. mars. Eg vil ikkje kritisere språkbruken i avisa generelt, men er samd i at ein bør halde seg til norsk når ein kan. Eit minst like stort «problem» er smitten frå engelsk, på den måten at ein nyttar engelsk uttrykksmåte med norske ord. Eit grelt døme på dette er at mange har begynt å bruke hjelpsomt (som eg vil tru kjem frå engelsk helpful) i staden for nyttig. Særleg munnleg er bruken av tenke (think) blitt svært utbreidd. Eg har eit inntrykk av at dette er mest vanleg hos dei som snakkar austnorske dialektar: Jeg tenker at … Kva er gale med orda synast/synes og meine, som i dei fleste tilfelle vil vere det naturlege å bruke, sidan verbet tenke vanlegvis vert etterfølgd av ein preposisjon: tenke på, tenke etter, tenke seg om … Er det jåleriet som er ute og går her også? Det ser i alle fall ut til at «forståsegpåarane» er hardt råka. Dei tenker ditten, og tenker datten, i Dagsnytt atten – og på Debatten.
Den engelske sjuka
DebattSpråk