Ekte kjærleik er lubben og lodden
— HAUK
Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Regjeringa manar til låge forventningar, men ute i landet forventar Ap-toppane grep:
Grasrot-Ap gassar på
BudsjettAleksander Åsnes og Maria Dyrhol Sandvik
TØFT: Drivstoffprisane går i vêret, samstundes som statsministeren ber folk senke forventningane til regjeringa. I Ap-land er det likevel ei klar forventning om kutt i drivstoffavgiftene.
Regjeringa sit denne veka i budsjettkonferanse på Klækken Hotell på Ringerike og byrjar arbeidet med å utforme statsbudsjettet for 2023. Klassekampen har prata med ei handfull Ap-toppar rundt om i landet for å høyre kva forventningar dei har til regjeringa i dei krevjande tidene framover.