Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Lang og oppheita debatt på årsmøtet:

Oslo SV seier tja til Nato

HEFTIG: Debatten om norsk Nato-medlemskap varte lenge på Oslo SVs årsmøte. Her er finanspolitisk talsperson Kari Elisabeth Kaski, som ikkje sjølv tok del i debatten. Hanne Marie Lenth Solbø

SNUDD: Etter ein debatt som varte i fleire timar, gjekk årsmøtet i det største fylkeslaget i SV i helga inn for å revurdere motstanden mot norsk Nato-medlemskap.

I helga var kring 140 delegatar i Oslo SV samla til årsmøte i biblioteksbygningen på Blindern i Oslo, og det folk var mest opptekne av, var den store debatten om SV no bør revurdere sitt standpunkt om å melde Noreg ut av Nato, i lys av krigen i Ukraina.