Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Heim: Ingrid Z. Aanestad ryddar seg store, luftige rom i litteraturen.

Veggar av papir

Innhaldslista i Ingrid Z. Aanestads nye bok er som skreddarsydd for nysgjerrigheita mi: ein fin saum av essay om forfattarar som står meg nær, forfattarar eg er interessert i, men fåkunnig om og forfattarar som er meg fullstendig framande. Noko å kjenne seg heime i, noko friskt og framandt rundt neste sving. I eit kort etterskrift formulerer Aanestad kva ho vil med lesingane: Ho vil ikkje «berre leita etter gjenkjenning og tilknyting», heller ikkje halde seg til å finne «noko ukjent, langt frå eins eigen person». Midt mellom desse lesemåtane, eller snarare i spontan pendling mellom dei – gjerne i ein og same tekst – finn ho ein framgangsmåte, ein måte å nå nye innsikter på, både trøystefulle og nådelause.