Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Ap i Innlandet er framleis delt etter at folk røysta om framtida til storfylket førre veke:

Splid om folkerøysting

HAR TALT: I folkerøystinga stemte 50,7 prosent for å løyse opp Innlandet fylke. Her førebur elevar på Jønsberg vidaregåande skole i Stange seg på å røyste då Klassekampen var på besøk tidlegare i februar. FOTO: HANNE MARIE LENTH SOLBØ Hanne Marie Lenth Solbø

DEMOKRATI: Folket i Innlandet vil løyse opp fylket, men Arbeidarpartiet er usikre på om dei skal lytte til folket eller ikkje.

I kveld skal Arbeidarpartiet i Innlandet arrangere eit fellesmøte der medlemmane i partiet i praksis skal bestemme om Innlandet skal bli oppløyst og gå attende til å vere Hedmark og Oppland eller ikkje.