Å setje sitt lys under ei grøn plastbøtte
Til kjeldene: Ingenting er gøymt utan at det skal kome for dagen.
Av og til kan eg kjenne uro over at bibelen ikkje svarer til dei språklege moderniseringane som samfunnet elles har tatt til seg. Dette gjeld til dømes for uttrykket «å setje sitt lys under ei skjeppe», som truleg ikkje gir så god meining i dag, ettersom ordet «skjeppe» ikkje akkurat blir brukt i daglegtalen. Men ei «skjeppe» er ei bøtte, nærare bestemt ei bøtte som tar 17,4 liter. Eg veit ikkje kor fort oksygenet blir brukt opp under ei slik bøtte. Eg veit heller ikkje om lyset kan brenne hol i bøtta, viss det er ei plastbøtte. Uansett kling det så dårleg med «lys under ei bøtte» at det mistar all kraft; ja, det å stille sitt lys under ei bøtte er å stille sitt lys under ei skjeppe – altså å gjere seg dårlegare enn ein er; å vere falsk beskjeden.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent