Antígona González
Gjendikta av Bendik Vada
Sara uribe
H/O/F 2022, 114 sider
Kvar er den døde kroppen til bror min? Det er spørsmålet Sara Uribe si bok «Antígona González» går rett inn i, og forfølgjer i ei nøktern språkføring, som vitnar om ein stille, men stigande desperasjon. Bokas lyriske kortprosa fungerer på sett og vis som ei forteljing, nemleg den om Antígona González som leitar etter kroppen til broren Tadeo, som er forsvunnen. Fullt så enkelt er det likevel ikkje. Det er som om Antígona sine utsegner er sett saman av setningar klipt ut frå aviser, med bokstavar i ulike storleikar og fargar, og ord frå vidt forskjellige menneske sine munnar. For lesaren vert det raskt tydeleg at teksten ikkje er ein monolog, men eit kor, og at Antígona berre er éi av mange antigoner som kjempar for ei verdig handsaming av den døde kroppen til slektningen sin, som i Sofokles si 2500 år gamle tragedie om Antigone og broren Polyneikes. Eller, som det heiter i boka: «en monolog som lar en eneste skuespillerinne spille alle rollene».